Velkomen til eit levande
fiskerimiljø på Fanøy
Fanøy er ei lita øy i
øygruppa Batalden som ligg heilt vest i Flora kommune i Sogn og Fjordane.
Næraste by er Florø som ligg ein halvtimes
båttur unna.
På Fanøya er
det ikkje bilar, og vegane som går rundt omkring på øya er smale grusvegar. I utmarka mot vest er det
også opptrakka turstiar, og ein er aldri langt unna eit utkikspunkt på
toppen av øya der ein kan nyte utsikta i alle retningar.
Vil
ein ha større utfordringar så er Store-Batalden med sine
495 m.o.h. i nord og Blåkollen på 395 m.o.h. i sør ein kort båttur
unna,
og desse toppane har unike utsiktspunkt.
Fiskemoglegheitene er mange og gode både frå
land og på sjøen.
|