Informasjon om Fanøy
Øysamfunnet Batalden
ligg ytst mot havet, heilt vest i Flora kommune i Sogn og Fjordane.
Batalden består av om lag 30 øyar av ulik storleik og tidlegare var
det busetnad på 25 av øyane. No bur det det vel 100 menneske fordelt
på fire øyar.
Fanøy er den som det
bur flest menneske på og er senteret i øysamfunnet. Her finn vi
Batalden bedehuskapell (vigsla 23. oktober i 1907 og eigd av
bygdefolket), Batalden skule (1. t.o.m. 7 klasse), Fanøy handel og
rutebåtkai.
Sjøhusmurane i øyane
vart valde til Flora kommune sitt offisielle kulturminne under
Kulturminneåret i 1997. På det meste var det registrert over 400
sjøhusgrunnar, i dag er det få att med hus på, men mange murar vitnar
om at her har vore eit yrande fiskarliv. På Fanøy finn ein mange av
desse murane.
Fiskeri har vore
hovudgrunnlaget for busetnad på øyane. I dag er det 6 fiskebåtar av
ulik storleik her. I tillegg er det fiskeoppdrett, konfeksjonsverksemd
og turistverksemd. I Store-Batalden driv Gunnhild Bjelland Noregs
vestlegaste kunstgalleri og
Batalden Havbu.
I dag er det gode
rutebåtforbindelsar mellom øyane og Florø by, og mange pendlar til
arbeidsplassen sin der. |